Explore Telemark

English

Norsk

Revefeber – ei utstilling om pelsdyrnæringa gjennom 100 år

Type:Textpage

Museumsvegen 9, 3891, Høydalsmo

Add Revefeber – ei utstilling om pelsdyrnæringa gjennom 100 år to your Itinerary

Product Image

Book Tickets Online

About

Bruk av pels er omdiskutert, og dyrevelferd eit tema som gjerne skapar debatt, men å halde dyr for pelsen si skuld er no eit avslutta kapittel i Noreg. Stortinget har fatta vedtak om avvikling av næringa, med 01.02.2025 som endeleg sluttdato. Debatten i forkant av vedtaket var langvarig og prega av sterke kjensler. Pels skapar framleis engasjement, med fleire nye saker i media som handlar om det å gå med brukte pelsklede.

Vest-Telemark museum har tidlegare gjennomført eit dokumentasjonsprosjekt med innsamling av arkivmateriale etter lokale pelsdyrorganisasjonar og gardar. Ei ny utstilling byggjer på dette materialet, men set lokal historie inn i nasjonal og internasjonal kontekst.

Dei vanskelege 1920- og 1930-åra råka bygdene i Vest-Telemark hardt. Då vart pelsdyr redninga for mange, anten som hovud- eller attåtnæring. For Telemark var det i 1939 så mange som 1250 gardar med pelsdyrproduksjon. Den nye næringa førte til mykje lokal aktivitet, innovasjon og utvikling. Det vart bygd utstillingshallar i Seljord, Treungen og Rauland, der ein tevla om kvalitet for livdyr og møtte folk.

Næringa var sterkt påverka av økonomiske konjunktursvingingar og av internasjonale trendar. Historia om ulike epokar i pelsdyrhaldet er spanande og fortel mykje om samfunnsutviklinga generelt på 1900-talet og fram til avvikling. I 2011 stod pelsdyrnæringa for 84 % av verdiskapinga i jordbruket i Nissedal. Ein av langveggene i utstillinga viser tidslinje med viktige hendingar og ein graf som illustrerer aktiviteten i næringa.

I eit eige rom får publikum høve til å gå inn i pelsdyrgarden og lære meir om arbeidet med dyra gjennom året. Her kan ein sjå bur, utstyr og skinn.

Ikkje minst vil publikum få høve til å sjå «verdas mest berømte rev» - Mons, stamfaren til alle platinarever. Mons blei til og med omtala i LIFE Magazine. Han er lånt inn frå Dyrøy kommune, som fekk han tilbake frå ein privat eigar i fjor.

Pelsdyrhald er eit tema mange har sterke meiningar om. Dette utfordrar museet til å være særleg medviten om eigne val, makt til å inkludere eller ekskludere tema og meiningar. Museet har hatt med seg ei referansegruppe med representantar for ulike ståstader.

Utstillinga er tilgjengeleg i museets opningstider mellom 1. mai og 15. september.

TripAdvisor

Map & Directions

Contact

Tel: 35069090

Opening Times

Season (1 May 2025 - 15 Sept 2026)

What's Nearby

  1. West-Telemark Museum Eidsborg

    To experience the rich cultural heritage and traditions of Western Telemark, the museum…

    31 m away
  2. Statkraft Exhibit Centre at Eidsborg

    The Statkraft exhibit centre at the museum in Eidsborg tells the story of hydro power…

    64 m away
  3. Stålekleivloftet - one of the oldest wooden buildings in the world

    Is the storehouse of the legendary woman Åse Stålekleiv the oldest profane wooden…

    116 m away
  1. Saint Nicholas and the Eidsborg Pond

    The bishop dedicated the church to St Nicholas. Through the years, this saint became an…

    194 m away
  2. Eidsborg Stave Church

    Charming, small stave church. Located by West Telemark Museum in Eidsborg.

    208 m away
  3. Would you like to get married?

    Here you will find the perfect setting for a wedding.

    235 m away
  4. Whetstones from Eidsborg

    For about 1000 years Tokke has had an export industry of whetstones. For Norwegian…

    919 m away
  5. Grimdalstunet

    Here at Grimdalstunet you can get a glimpse into the home of the artist Anne Grimdalen. A…

    7.55 km away
  6. Åmdals Verk Mines

    Exciting copper mine in a small community built upp due to mining.

    10.56 km away
  7. Øyfjell Local History Museum

    Oyfjell museum of Local History has a rich collection of tools, traditional costumes,…

    14.62 km away
  8. Øverbø - the home of Sondre

    The history of Sondre Norheim begins in Morgedal, Telemark.

    20.94 km away
  9. Aasmund Kleiv - ski maker and ingenious craftsman

    Exhibition about Aasmund Kleiv (born 1923) from Morgedal, ski maker, craftsman and artist.

    22.59 km away
  10. Norwegian Ski Museum Morgedal

    Jazz lovers flock to New Orleans, Elvis fans congregate in Memphis, ski enthusiasts…

    22.59 km away
  11. Smørklepp Art Museum - Sørensen and Kihle

    The valley of Smørklepp in Vinje made a lasting impression on the famous Norwegian artist…

    23.69 km away
  12. Knut Skinnarland Sculptural Art Collection - Rauland Kunstmuseum

    The Skinnarland Collection houses more than 100 works of art by sculptor Knut Skinnarland…

    25.51 km away
  13. Dyre Vaa Sculptural Art Collection - Rauland Kunstmuseum

    The museum shows sculptures, paintings, graphic art and drawings by the famous artist…

    25.57 km away
Previous Next