LandSkapLand er tittelen på ei ny temporærutstilling på museet i Eidsborg sesongen 2024.
Tidleg på 1800-talet kom dei første turistane til Noreg: kunstnarar, byborgarar og aristokratar frå Europa som hadde tid og ressursar til å reise - ikkje for å kome frå A til B, men for å få opplevingar undervegs. I Telemark fann dei natur som svara til tidas romantiske kjensler - overveldande fjell, fossar og fjordar, i kombinasjon med eit folkeliv som var urørt av industrialiseringa.
Korleis blei brysam og vill natur skapt om til kjenslefullt landskap? Målarane - og etter kvart fotografane - sette standarden. Dei såg naturen gjennom Claude-spegel, fotolinser eller gjennom glasa på båten eller karjolen. Naturen blei måla og fotografert med ramme rundt, og ein søkte perfekt balanse mellom det overveldande (sublime) og det idylliske (pittoreske). Gjennom å vere på reise kunne turistane kople naturen frå dagleglivet, og opphøgje den til noko større. Og er det ikkje slik framleis?
Utstillinga freistar å vise korleis dette gjekk til. Ein får sjå eksempel på romantiske framstillingar av Telemarksnaturen, og effekten ei ramme har på eit panorama. Og korleis landskapet arta seg frå innsida av ein dampbåt på Telemarkskanalen...
Peter Fjågesund som har skrive boka «Til Telemark!» (Oslo 2001) kjem på opningsarrangementet 28. april for å fortelje om turistane som sette Telemark på kartet gjennom 1800-talet.
To experience the rich cultural heritage and traditions of West Telemark, VTM Eidsborg is…
The Statkraft exhibit centre at the museum in Eidsborg tells the story of hydro power…
Is the storehouse of the legendary woman Åse Stålekleiv the oldest profane wooden…
The bishop dedicated the church to St Nicholas. Through the years, this saint became an…
Charming, small stave church. Located by West Telemark Museum in Eidsborg.
For about 1000 years Tokke has had an export industry of whetstones. For Norwegian…
Here at Grimdalstunet you can get a glimpse into the home of the artist Anne Grimdalen. A…
Oyfjell museum of Local History has a rich collection of tools, traditional costumes,…
The history of Sondre Norheim begins in Morgedal, Telemark.
Exhibition about Aasmund Kleiv (born 1923) from Morgedal, ski maker, craftsman and artist.
Jazz lovers flock to New Orleans, Elvis fans congregate in Memphis, ski enthusiasts…
The valley of Smørklepp in Vinje made a lasting impression on the famous Norwegian artist…
The Skinnarland Collection houses more than 100 works of art by sculptor Knut Skinnarland…
The museum shows sculptures, paintings, graphic art and drawings by the famous artist…