Arild Andresen, Kari Hunsager og Hanne Isabel Thorsdalen Styhr er årets utstillarar på Grimdalstunet i Skafså.
Arild Andresen er busett i Grimstad, og har ein mastegrad i kunst og handverk frå det som tidlegare heitte Høgskulen i Telemark. Andresen kan sjå tilbake på ei lang rekke separat- og kollektivutstillingar. Han er medlem av Norske Billedkunstnere og Tegnerforbundet. Kunsten hans er mellom anna kjøpt inn av Høgskolen i Agder og Kunst på arbeidsplassen i Oslo.
I sommarutstillinga vil Arild syne måleri som speglar hans fascinasjon for det livgjevande og energifylte i natur og kultur, men óg det som har ettertanke og poesi i seg. Ein serie teikningar under arbeidstittelen «Fra studiedagene» vil markere det tegneriske fundamentet for arbeidet hans med måleri; nemleg flyt og rørsle.
Naturstemningar
Også Kari Hunsager er basert i Grimstad. Ho har lærarutdanning med kunst og handverk som spesialisering. På cv-en står mellom anna separatutstilling i Galleri Dalype i Oslo, Arendal kunstforening og Arnulf Øverland galleri i Kristiansund. Ho har tidlegare hatt med verk på Agderbiennalen, Telemarksutstillingen og Sørlandsutstillingen. Hunsager er medlem av Norske billedkunstnere.
Hunsager vil vise måleri som tolkar naturstemningar i ulike årstider, ofte tett på og gjerne med vekt på forenklingar som lar fargar og komposisjon trå klart fram. Det same pregar bileta hennar med dansemotiv.
Fascinerande og utfrordrande
Hanne Isabel Thorsdalen er busett på Notodden. Ho har ein master frå Universitetet i Sørøst-Norge. Arbeida hennar har mellom anna vore vist i Kultursenteret i Bodø og Lille Galleri i Kongsberg.
Thorsdalen jobbar ut i frå eit abstrakt ekspresjonistisk perspektiv, men nokre gongar med figurative element som dukkar opp og som ho vel å forsterke. Kvart måleri er ei reise i undermedvitet. Ho veit aldri heilt kor måleriet ender, og det finn ho både fascinerande og utfordrande.
I tillegg til dei abstrakte måleria jobbar kunstnaren med ein kombinasjon av måleri og foto. Ho fotograferar måleria og jobbar vidare med dei digitalt, legg til nye element og flettar dei inn i arbeidet.
Sommarutstillinga i underetasjen på Grimdalstunet opnar fredag kveld den 23. juni.
Utover opningsarrangementet vil utstillinga vere tilgjengeleg i museets opningstid, tirsdag til sundag mellom 25. juni og 15. august.
Season (25 June 2023 - 15 Aug 2023) | ||
---|---|---|
Day | Times | |
Monday | Closed | |
Tuesday - Sunday | 11:00 | - 17:00 |
Here at Grimdalstunet you can get a glimpse into the home of the artist Anne Grimdalen. A…
Exhibition at the quay in Dalen. In addition there is an exhibiton showing life on the…
Is the storehouse of the legendary woman Åse Stålekleiv the oldest profane wooden…
Charming, small stave church. Located by West Telemark Museum in Eidsborg.
The bishop dedicated the church to St Nicholas. Through the years, this saint became an…
To experience the rich cultural heritage and traditions of West Telemark, VTM Eidsborg is…
The Statkraft exhibit centre at the museum in Eidsborg tells the story of hydro power…
For about 1000 years Tokke has had an export industry of whetstones. For Norwegian…
Oyfjell museum of Local History has a rich collection of tools, traditional costumes,…
The history of Sondre Norheim begins in Morgedal, Telemark.
Fyresdal Open Air Museum is situated in Oyskogen (The Island Forest), which is an…
Exhibition about Aasmund Kleiv (born 1923) from Morgedal, ski maker, craftsman and artist.
Jazz lovers flock to New Orleans, Elvis fans congregate in Memphis, ski enthusiasts…
The valley of Smørklepp in Vinje made a lasting impression on the famous Norwegian artist…